Sist vekes mange medieoppslag om at det kan vere risikosport å ete viltkjøt frå norske skogar, bør takast med ei solid klype salt. Det meiner Svend Arne Vee, kommunikasjonsansvarleg ved Norsk Hjortesenter på Svanøy.
Category Archives: Artikler
Sidan mai månad har Norsk Hjortesenter utdanna godt over 300 feltkontrollørar av hjorteviltkjøt. Jaktsesongen er i gang, og dei første feltkontrollerte dyra i Sogn og Fjordane og Hordaland er alt på veg til lokale konsumentar. I denne saka finn feltkontrollørane dei siste oppdaterte føredraga frå sist kurs, som blei halde i Høyanger 8. september.
10.-12. april 2012 er det klart for nytt kurs i praktisk hjorteoppdrett hjå Norsk Hjortesenter på Svanøy. Til kurset kjem John Fletcher (biletet) og kona Nichola Fletcher for å bistå. Det skotske ekteparet er blant verdas framste på hjorteoppdrett og nytenking rundt hjorten som råvare.
Med brei anlagt tematikk, gode førelesarar og eit vestlandsver som viste seg frå si beste side, blei Hjort 2011 ein suksess. No kan du laste ned og fordjupe deg i føredragshaldarane sine presentasjonar under dei to seminardagane i Florø 31. august og 1. september.
Torsdag 8. september får hjortejegerane i Ytre Sogn sjansen til å skolere seg som feltkontrollørar for hjorteviltkjøt. Staden er Øren Hotell i Høyanger, og med godkjend kurs kan jegerar og jaktlag bidra til å få hjortekjøt ut til vanlege butikkundar, hotell og restaurantar.
Tysdag 6. september arrangerer Norsk Hjortesenter i samarbeid med Mattilsynet kurs for feltkontrollørar av hjorteviltkjøt på Nordfjord Hotell på Eid. Kurset gir jegerar rett til å godkjenne og selje hjorteviltkjøt direkte til privatpersonar, hotell og butikkar.
Det blir kurs for feltkontrollørar av hjortevilt i landets største hjortekommune i god tid før jaktstart til hausten. 9. august er datoen Norsk Hjortesenter har blinka ut for Kvinnherad, og staden er Rosendal Fjordhotel.
Direktoratet for Naturforvaltning (DN) sitt endelege framlegg til nye jakttider er no sendt ut på høyring. Om DN sitt framlegg blir ståande, kjem hjortejegerane til å få ein lang jaktsesong frå 2012 og fem år framover.
Har du behov for å lære meir om slakting og partering av storvilt? Kurs nummer to i haust er no datofesta til 11.-13. november, hos Norsk Hjortesenter på Svanøy.
Tre av fire kommunale viltforvaltarar i hjortefylke nummer ein, Sogn og Fjordane, opplever konflikt og strid rundt hjorten i det daglege arbeidet sitt. Men trass i dels høg temperatur er konklusjonen likevel positiv: Forvaltninga av hjorten er på rett veg og strategien med å gjere viltforvaltninga lokal har vore eit klokt vegval.