Hjortejakt på Svanøy – ei oppleving for livet

Hjortejakt på Svanøy

Norsk Hjortesenter er meir enn hjortane i forsøksdyranlegga på Kvalstad Gård. Gjennom godt samarbeid med grunneigarane på heile øya kan Norsk Hjortesenter tilby guida hjortejakt på heile Svanøy. I variert kulturlandskap og spennande skogsterreng blir dei fleste hjortejaktformer praktisert, inkludert jakt med drivande hundar.

Guidinga blir utført av tilsette ved Norsk Hjortesenter, som har god fagleg kunnskap om både hjortens åtferd og ulike jaktmetodar, og såleis kan jakta eigne seg svært godt for ferske jegerar utan brei erfaring. Jaktsesongen strekkjer seg frå jaktstart 1. september og til 23. desember.

Dei siste åra har det blitt bygt omlag 20 jakttårn på nøkkel-lokalitetar. Dette aukar både tryggleiken til jegerane og sjansane til å både sjå og skyte hjort, anten ein vil skyte med rifle eller fotoapparat. Og fleire tårn skal settast opp kvart år framover.

Svanøy har ein nøye forvalta og livskraftig hjortebestand, med eit innslag av vaksne bukkar høgare enn gjennomsnittet. Det blir felt opp mot 35 dyr årleg, og vi er restriktive med å felle bukk. Vi har ei målsetjing om å auke bukkeandelen til over 50 prosent, og til ei kvar tid ha ein snittalder meir enn fem år for bukkane. Svanøy er staden for å oppleve stor aktivitet med mykje brøling under brunsten om hausten.

For oss på Hjortesenteret legg vi stor vekt på at ein under jakt skal bruke sansane våre; hørsel, lukt og syn, og kunne utnytte vind, terreng og kunnskap om hjortens biologi og økologi for å kome innpå hjortane. Då kjem ein nærare naturen og får sterkare jaktopplevingar. Av desse grunnane tillet vi ikkje nattjakt med digitale verkemiddel (lommelykt, termiske sikter, droner eller restlysforsterkarar). Om natta skal hjorten ha ro. Under våre jakter gjer vi som resten av Europa: Jakta sluttar seinast ein time etter solnedgang og byrjar tidlegast ein time før soloppgang.

Gjennom å dele vår kunnskap om hjorten sin biologi, økologi og vanar gjennom året, sikrar vi at våre besøkande jegerar har maksimale sjansar til å felle hjort.. Hjortesenteret disponerer ei årleg kvote på inntil 35 dyr.

 

 

På Svanøy er det en høg andel bukk i alle aldre og stor aktivitet i skog og mark gjennom heile hausten. Ver merksam på dei spesielle vilkåra som gjeld for felling av bukk – foto (c) Johan Trygve Solheim 2016

 

Kost og losji

Å jakte hjort på Svanøy inkluderer retten til å felle dyr, guiding og ettersøkshund, samt middag to kveldar. Innlosjering skjer til vanlig i  «Det Blå Huset» som ligg like ved Hjortesenteret. Vi samarbeider også med Svanøy Hus og kan tilby kost og losji ved Svanøy Hovudgård etter eiga avtale. Gjester kan difor få skreddersydde opplegg med jakt og matopplevingar.

På oppmøte før jaktstart blir det gitt føringar på kva type dyr som kan fellast, ut frå kva som er tilgjengeleg av kvoten. Det må og avlegges prøveskudd på blink for å sjekke at rifla går som den skal. Norsk Hjortesenter har tilgang til heile Svanøy, og ved jakt over fleire dagar vert det jakta i fleire ulike terrengavsnitt.

Jegeren har førsterett til kjøp av eige felt dyr. For heile slakt er prisen kr. 120,- per kilo inkl. mva.. Ønskjer ein viltkjøtet levert ferdig partert og mørna, kan det ettersendast til kundens adresse. Prisen er då kr 190,- per kilo inkl. mva., basert på vekt av heilt slakt (om lag ti prosent svinn ved mørning og partering). Frakt kjem i tillegg. Dersom jegeren vomskyter eit dyr må jegerane kjøpe dette slaktet, og det må påreknast betydeleg meir svinn på grunn av forurensa kjøt som må skjærast vekk.

Ønskjer jegerar å kjøpe anna hjortekjøt, sjå tilboda i nettbutikken vår. Vi tilbyr også garving av hjorteskinn frå dyr jegerane sjølv feller, samt bearbeiding og montering av trofé. Vi formidlar også utstopping i samarbeid med dyktige taxidermistar med stor erfaring på utstopping av hjort.

Dersom det er aktuelt å skyte eldre bukkar blir pris avtalt på forhånd. I utgangspunktet skal det berre fellast mindre bukkar (spissbukk og inntil 3-greinarar), men år om anna er det aktuelt å felle såkalla returbukkar. Her vil jakta alltid foregå med guide.

Dersom ein jeger feller eldre bukk uten sæskilt løyve er prisen 20 gangar jaktavgifta (5000 kr per dag). Jegeren får heller ikkje behalde trofeet. På den annen side er sjansane for å få sjå nokre av dei store flotte bukkane under jakta særs gode. Dei har ein viktig økologisk funksjon i hjorteskogen, og er flotte berre å få studere i all sin prakt. Særlig i brunsten i siste halvdel av oktober.

En artikkel om bukkane si viktige rolle kan du lese her. 

Vi kan og tilby eksklusiv fotojakt heile året med ein til ein guiding, og dette kan vere særleg spanande i brunsten. Normalt er brunstperioden på sitt mest intense frå medio til slutten av oktober. Ønskjer du tilbod eller meir informasjon om hjortejakt på Svanøy, ta kontakt på hjort@hjortesenteret.no eller ring oss på følgjande telefonnummer:

+ 47 57 75 21 80

Legg igjen melding dersom du ikke får svar eller send oss en sms til 41 40 32 81!

Slik kjem du til Svanøy:

Florø er nærmaste by og kommunikasjonane til byen kan skje med fly (www.dat.dk dirkete fra Oslo eller www.wideroe.no via Bergen), buss (www.firdabillag.no), ekspressbåt (www.norled.no) eller Hurtigruta (www.hurtigruten.no). For dei som køyrer eigen bil til Florø følgjer du berre RV 5, som endar på kaia der rutebåtane går frå.

Fra Florø drifter Fjord 1 rutebåter til Svanøy. Alle avgangar er bilførande, men du må bestille plass via nettsidene til bilen for å vere sikker på å komme med. Ved spesielle behov er det mulig å leige egen skyssbåt/taxibåt fra Florø til Svanøy.

Kontakt oss for mer informasjon.

 

Noen reportasjer fra hjortejakt på Svanøy kan du lese her:

Jaktreportasje DNB Platinum

Jaktreportasje Vi Menn

Bilder fra hjortejakt på Svanøy kan du se her

NRK program fra Hjortesenteret og hjortejakt på Svanøy kan du se her

Fieldsport Channel sitt program om hjortejakt på Svanøy kan du se her

Gutta på Tur har vært her – programmet kan du se på TV2 Sumo

Truls ala Hellstrøm – programmet kan du se på TV2 Sumo

Flere av filmene i Hjortesenteret sin egen YouTube kanal er fra Svanøy 

 

Tips og hugseliste til jegerar som kjem til Svanøy:

Utover våpen og vanleg jaktutstyr må du ta med:

  • Våpenkort
  • Jegeravgiftskort
  • Godkjent skyteprøve for storvilt

I tillegg er det viktig å ha med:

  • Regntøy og varme klede
  • Gode sko
  • Ein god handkikkert
  • God sekk for eige utstyr (niste, termos, osv).

Alle prisar er oppgjevne inkl MVA.

 

© 2025 Stiftelsen Norsk Hjortesenter, Svanøy. Webløsning utviklet av Avent Digital AS. Foto og bilder: Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.