Svanøy Stiftelse 1972 – 2022

595.00 kr

På lager

Kategori:
|

Beskrivelse

I høve Svanøy Stiftelse sitt 50 års jubileum er det skrive ei bok med tidslinje frå vikingtida til år 2072, som er 50 år fram. Bok er ført i pennen av Dag H. Nestegard med foto av Oddleiv Apneseth, Werner Andersson og Johan Trygve Solheim. Grafisk design og layout er ved Mons Rønning frå Modus Design.

  • Boka fortel historia om øya, og dermed grunnlaget for stiftelsen.
  • Eirik Blodøks, Hans Svane, Hans Nielsen Hauge, Willy Brandt og Christian Sommerfelt er aktuelle namn. Men også Matriarkatet på Marøya.
  • Dette er den første boka om Svanøy som fortel inngåande om dei siste 50 åra, men også forsøker å sjå 50 år fram – til 2072.
  • Med utgangspunkt i Svanøy stiftelse dokumenterer boka utviklinga på øya, og kva stiftinga har betydd for små og store. Stikkord er Svanøy Havbruk, Marø Havbruk og Norsk Hjortesenter.
  • Det kanskje finaste med boka er at teksten viser det store potensiale på Svanøy i ei tid med klimaendringar og Det grøne skifte.
  • På Svanøy ligg mykje til rette for næringsutvikling og vekst. Gjennom konkrete døme støttar boka det synet.
  • Arven etter Hans Nielsen Hauge, haugianismen, går som ein raud tråd gjennom boka.
  • Hauge meinte ein ikkje skulle tene pengar berre for å fylle opp sine eigne lommer, men for å utvikle det samfunnet ein er ein del av. Det er ein bodskap som er like aktuell i dag, meir enn 200 år etter at Hauge kjøpte øya og overdrog eigedomen til Ole Torjussen Helling, grunnleggaren av Svanøe-familien.

 

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.5 kg

© 2025 Stiftelsen Norsk Hjortesenter, Svanøy. Webløsning utviklet av Avent Digital AS. Foto og bilder: Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.