Hjorteklynga var samla til arbeidsverkstad i april for å jobbe med felles mål for næringsutvikling.

 

 

I dag lanserer hjorteklynga to rettleiarar til hjelp for dei som ønskjer å etablere hjorteoppdrett eller vilthandsamingsanlegg. Dette er praktiske verktøy for korleis du kan gå fram for å gjere dette, og kva du må tenkje på.

Retteleiarane kan du finne her:

Etablering av hjorteoppdrett

Etablering av vilthandsamingsanlegg

Hjorteklynga er eit næringsnettverk som per dags dato består av elleve næringsaktørar, som leverer hjortekjøt til marknaden. Fire kommunar, som har mykje villhjort og driv aktiv forvaltning av hjorten, er også med i klynga. Saman utviklar aktørane hjortekjøt som næringsveg. Norsk Hjortesenter er koordinator for klyngearbeidet.

Rettleiarane er del av eit større arbeid som hjorteklynga held på med, i eit prosjekt finansiert av Innovasjon Noreg og klyngedeltakarane. I dette prosjektet er det fire arbeidspakkar der kvar arbeidspakke er forankra i ein strategi som hjorteklynga har samla seg om. Arbeidspakke 1 skal bidra til meir kjøt inn til klynga. Arbeidspakke 2 skal lage felles standard for kvalitet for kjøt som skal leverast gjennom klynga. Arbeidspakke 3 skal promotere klynga og jobbe opp mot potensielle kundar. Og arbeidspakke 4 skal lage eit grunnlag for korleis best organisere hjorteklynga.

 

Arbeidspakkane som inngår i prosjektet til hjorteklynga er synt i denne figuren.