Fagleg påfyll – sjå opptak frå viltseminaret 2024

Seminar og konferansar er viktige arenaer for å fylle på med den nyaste kunnskapen innan ulike fagfelt. Slik er det og innan hjorteviltforvaltninga. Norsk Hjortesenter arrangerer kvart år eit viltseminar der vi inviterer fagfolk til å dele den nyaste kunnskapen om hjorteviltet. Programmet i 2024 var variert og vi fekk gode tilbakemeldingar på innhaldet. Fekk du det ikkje med deg har du no sjansen til å sjå og høyre fagforedraga via våre opptak. Klikk deg inn her: Viltseminaret 2024 (nokurs.no). Det kostar 500 kroner å få tilgang til kunnskapen. Nytt hjorteviltseminar vert det sjølvsagt også i 2025.