Nye rettleiarar tilgjengeleg

Aktørar innan hjortenæringa var samla til arbeidsverkstad ved Kilstraumen i april for å utvikle viltkjøt som næringsveg.

 

Hjorteklynga har laga to rettleiarar til hjelp for dei som ønskjer å etablere hjorteoppdrett eller vilthandsamingsanlegg. Her er det samla sentral informasjon som interesserte vil ha nytte av av å sjå på før ein vurderer eventuell oppstart. 

Retteleiarane kan du finne her:

Etablering av hjorteoppdrett

Etablering av vilthandsamingsanlegg

Hjorteklynga er eit næringsnettverk som per dags dato består av elleve næringsaktørar, som leverer hjortekjøt til marknaden. Fire kommunar, som har mykje villhjort og driv aktiv forvaltning av hjorten, er også med i klynga. Saman utviklar aktørane hjortekjøt som næringsveg. Norsk Hjortesenter er koordinator for klyngearbeidet.

Rettleiarane er del av eit større arbeid som hjorteklynga held på med, i eit prosjekt finansiert av Innovasjon Noreg og klyngedeltakarane. I dette prosjektet er det fire arbeidspakkar der kvar arbeidspakke er forankra i ein strategi som hjorteklynga har samla seg om, der hovudmålet er meir viltkjøt ut til forbrukar og auka lokal verdiskaping.

Arbeidspakke 1 skal bidra til meir kjøt inn til klynga. Arbeidspakke 2 skal lage felles standard for kvalitet for kjøt som skal leverast gjennom klynga. Arbeidspakke 3 skal promotere klynga og jobbe opp mot potensielle kundar. Og arbeidspakke 4 skal lage eit grunnlag for korleis best organisere hjorteklynga. Organiseringa ser slik ut. Prosjektet skal vere ferdig i løpet av hausten 2025.

 

Arbeidspakkane som inngår i prosjektet til hjorteklynga er synt i denne figuren.

 

© 2025 Stiftelsen Norsk Hjortesenter, Svanøy. Webløsning og webdesign levert av Avent Digital AS. Foto og bilder: Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.