Lang historie med lykkeleg slutt

Statsminister Jonas Gahr Støre opna Svanøy naturreservat 20. august 2024.

Svanøy er verkeleg Sunnfjords perle, med unike natur- og kulturverdiar. Den 21. juni vedtok kongen i Statsråd å opprette Svanøy naturreservat, same dag som dronning Sonja vitja Svanøy, hovudgarden og Hjortesenteret. Den 20. august opna statsminister Jonas Gahr Støre offisielt reservatet, og med det har ei lang historie for å få verna øya fått ein lykkeleg slutt.

Over 150 menneske, deriblant fleire skuleklassar frå Florø ungdomsskule, ei rekke fylkespolitikarar, kommunepolitikarar, bebuarar, grunneigarar, presse og Statsforvaltaren var samla på Svanøy for å vere med på opninga av Svanøy naturreservat.

Prosessen med å verne den unike naturen på Svanøy har teke tid, og løysinga kom med ordninga kalla frivillig skogvern, Den inneber at grunneigarane får kompensasjon for verdien av skogen, og at ein kan halde fram med beiting, jakt og hausting av bær og sopp.

Det er no laga ei forskrift for korleis naturreservatet skal forvaltast, og denne seier at det neste som skal skje på øya er at det skal lagast ein forvaltningsplan for mellom anna å fjerne intrduserte artar som til dømes gran. Dette for å ta vare på den stadeigne, unike naturen.

Grunneigarane, Svanøy stifting og Kinn kommune ynskjer også å få på plass eit besøkssenter for kystregnskog på Svanøy. Dette vil ttilføre øya enno meir naturgfagleg kompetanse, og saman med Norsk Hjortesenter vil dette verte eit naturfagleg tyngdepunkt i regionen.med unik kompetanse i nasjonal samanheng. Dette vil også gjere at ein kan formidle kvifor det er så viktig å ta vare på naturen, både for berge livet til organismane som vi deler kloden med, men også for å ta vare på oss sjølve og dei økosystemprosessane og klimaet som gjer at menneska kan halde fram med å leve på kloden.

Vi gler oss til spanande tider framover, og veit at hjorten vil vere nøkkelart både for Hjortesenteret og for Svanøy naturreservat i all framtid.

VIDEO: Statsminister Støre opnar Svanøy naturreservat.

 

FOTO: Det var ei entusiastisk forsamling som høyrde statsministeren tale om uerstatteleg natur og at å ta vare på natur og klima er ei og same sak.

FOTO: Maria Knagenhjelm frå Statsforvaltaren i Vestland har vore fagansvarleg for etableringa av naturreservatet og fortalde engasjert om den unike naturen på Svanøy. Statsminsiteren og grunneigar Johan Trygve Solheim høyrer oppmerksomt etter.