Om lag 100 vilt-interesserte fann vegen til Voss og Viltseminaret 2026. Frå lunsj-til-lunsj fekk ein servert ei rekke foredrag frå tema som næringsutvikling, jakt, teknologi, forvaltning, vilthelse, nasjonal hjorteviltstrategi og nye lover.
Målet med å arrangere viltseminar er å samle jegerar, grunneigarar, næringsaktørar og forvaltninga for å dele og spreie kunnskap om viltet og forvaltninga av det. Vi freistar alltid å lage ei sosial ramme rundt seminaret og meinar at årets seminar syner at det går an å ha det kjekt i lag medan ein vert oppdatert på kunnskap. Viltseminaret i Vestland vert arrangert av Norsk Hjortesenter, NJFF Hordaland, NJFF Sogn og Fjordane og Vestland Bondelag.
Bilete frå Viltseminaret 2026 kan du sjå lenger ned.
Ein del av foredraga er tilgjengeleg her:
1 Viltseminar 2026 – Voss – Landbruksdirektoratet
2 Redd villrein_Torbjørn Lange_Klima og miljødept
3 Hjorteklynga SA verdiskaping på hjort
4 Viltseminaret ulovleg omsetnad av kjøt – Norsk Hjortesenter
5 Utleige hjortejakt viltseminar 2026

Voss kulturskule stilte med 5 unge og lovande musikantar. Før seminarmiddagen underheldt dei med trekkspel og hallingdans. Nivået var imponerande!

Oddgeir Andersen frå NINA informerte om resultata frå ei spørjeundersøking om bruk av termisk utstyr i jaktsamanheng.

Runar Myrvang heldt foredrag om nytt og nyttig frå Landbruksdirektoratet, inkludert presentasjon av ny, nasjonal hjorteviltstrategi.

Ingmar Slettemark, kommunal viltforvaltar og ettersøksjeger, heldt foredrag om fordelar og ulemper ved bruk av drone i ettersøkssamanheng. Dette kan verte eit nyttig hjelpemiddel, men i ukyndige hender kan det øydelegge meir enn det er til hjelp.

Jørn Våge orienterte om smittsame sjukdommar og om overvakingsprogrammet for hjortevilt som Veterinærinstituttet er ansvarleg for.

Siri Bøthun er prosjektleiar for ei gruppe som jobbar med reetablering av villrein i Nordfjella. Ho fortalde om status og framdrift i prosjektet. Rapporten frå dette arbeidet skal publiserast i mars.

Øyvind Juliussen fortalde om jaktutleige og verdiskaping på utmarksressursar.

Anna Bergfeldt frå Veterinærinstituttet heldt eit interessant foredrag om sjukdommar og parasittar. Her med ein plansje om pappilomavirus.

Johan Trygve Solheim heldt foredrag om bruk av drivande hundar på hjortejakt. Her med ein plansje der han filosoferer om eigar og hund vil likne kvarandre etter ei tid.

Arne Sandnes frå Landbruksdepartementet oppsummerte Viltseminaret 2026 og konkluderte med at samlinga er ein viktig arena for kunnskapsutveksling og nettverksbygging. Vi sjåast i 2027!



